Tørmodølet

Her i Tørmodgarden har det vore brygga øl på same måten i meir enn 4 århundrer. For første gong vil konnjølet og moderne handverksøl vere tilgjengeleg over same bardisk.

I det som ein gong i tida var gjødselkjellaren bak tjukke gråsteinsmurar står det i dag eit moderne mikrobryggeri. Her tryllar våre to bryggarar fram så vel moderne som meir historiske dråper. Pale ale, kølsch, IPA og konnjøl - alle edle dråpar som er tilgjengeleg for kjøp og smaking. Og fleire variantar vil verte tilgjengeleg etter kvart.

Lensmannen hadde nok si eiga oppskrift på øl, tufta på det tilgjengelege utstyret i den tidsepoka. Gjæra - eller Kveiken om du vil - har vi fortsatt. I løpet av tida som kjem skal vi utvikle nye og spennande måtar å bruke husgjæra vår på i stadig nye ølstilar.

Øltypane våre

Tørmod Pale Ale

Eit lyst og ukomplekst øl. Brygga på pale malt og carapils, med cascadehumle. Dette er eit øl som på mange måtar kan minne om eit europeisk lagerøl, sjølv om det er her overgjæring som gjeld.

IBU: 23, EBC: 8, ABV: 5%

Konnjøl

Brygga etter oppskrifta til Peter Carl Weiberg-Aurdal, og antagelig slik du ville fått dette ølet servert i Tormodgarden i mellomkrigstida. Ølet har sterke notar av einer, og sødmen som pregar den ukokte vørteren er tydeleg. Tormodkveiken bidreg med sine ester og notar av tropisk frukt og funk.

IBU: 0, ABC: 8, ABV: 7,5%

The next big thing

Kva blir det neste? Bryggarane har mange spennande øl på blokka framover. Både Kølsch, IPA og Porter har vore nemnt. Eller kanskje noko Belgisk?

Følg med for oppdateringar

Besøk oss

Tørmod - sidan 1598.

Vi held ein mange hundre år gamal bryggetradison i live. Entusiasmen vår for historefortellinga om den norske øltradisjonen er sterk, det same er pasjonen vår for godt øl. Her møtes dei og skaper magiske øyeblikk